torsdag 8. desember 2011

JULEAVSLUTNING

Hei, alle STOKK-medlemmer!

Det blir juleavslutning på hytta på

Stovegolvet laurdag 17. desember.

Oppmøte på parkeringsplassen på Heio kl 10.00.

Me serverer risengrynsgraut, saft og røvarhistoriar.

Påmelding til Solveig innan onsdag 14. desember

på mail eller sms:

solveig.meyer.eide@gmail.com

93 26 12 24

onsdag 26. oktober 2011

Sikringskurs

Mange har vore interesserte i å komma på klatre- og sikringskurs denne hausten og me inviterer difor inn til eit nytt kurs i veke 46.
Kurset går over to ettermiddagar/kveldar og gir dei grunnleggjande kunnskapane som trengst for å bruke klatreveggen.
Dato og tidspunkt for kurset er tysdag 15. november (1900-2100) og torsdag 17. november (1700-1900).
Prisen for kurset er kr 300,-
For påmelding og meir informasjon, ta kontakt med Marita Huse
Tlf. 454 26 714

mandag 5. september 2011

Sikringskurs

Haustens første sikringskurs går av stabelen denne veka, men er dessverre fullt på grunn av ventelista. Dersom du vil begynne å klatre er du hjarteleg velkommen i veggen. Send oss ein mail dersom du er interessert i sikringskurs, så får me kartlagt behovet for ytterlegare kurs.

Oppstart Ungdomsklatringa

I morgon tysdag er det oppstart for ungdomsklatringa! Kl 1730-1900 i klatreveggen, for ungdom mellom 11 og 16 år.

fredag 19. august 2011

Velkommen til gamle og nye klatrarar!

Måndag er me i gong att, dei nye klatretidene er som følgjer:

Måndag 19-21

Onsdag 18-20

Torsdag 20-22

Det blir lagt ut dato for sikkerhetskurs i neste veke, då er det første mann til mølla for dei ledige plassane. Dersom det er stor interesse følgjer me på med kurs utover hausten.

Snakkast i veggen!

tirsdag 7. juni 2011

Siste sjanse før sommaren

I morgon onsdag 8. juni er siste kveld for klatringa før me tar sommarferie. Håpar likevel at me kan få nokon flotte turar ute i feltet i løpet av sommaren. Facebook er staden for å rekruttere medklatrarar!

tirsdag 22. februar 2011

Klatreveggen stengt på grunn av handballkamp

På grunn av eliteseriekamp i handball blir klatreveggen dessverre stengd for klatring onsdag 23. februar.

Meir informasjon finn ein på stordhandball.no

onsdag 9. februar 2011

Årsmøte

Årsmøtet finn stad i idrettshallen på Vikahaugane, tysdag 22. februar, klokka 1900. Alle er oppmoda om å stilla :)