mandag 9. august 2010

Oppstart og kurs

Det er no klart for ein ny sesong i klatreveggen og første opningsdag er mandag 23. august (19-2100). Det er og vakt i veggen på onsdagar (1800-2000). Dessverre utgår torsdagane no i første omgang.

Ungdomsgruppa startar opp ei veke seinare (31. august) og både dag og tidspunkt vil vera som tidlegare (tysdagar frå 1730 til 1900).

I tillegg vil me truleg arrangera eit klatre- og sikringskurs i veke 37. Kva dagar og tidspunkt vil me komma tilbake til seinare.

fredag 29. januar 2010

Årsmøte

Det vert årsmøte i Stord Tinde- og Klatreklubb, tysdag 16. februar. Møterommet finn stad i møterommet ved gamlehallen på Vikahaugane. Møtet startar 1900 og varar til 2100, eller til alt er gått gjennom.