tirsdag 25. november 2014

Stord Tinde- og Klatreklubb inviterer til juleavslutning søndag 30. november kl. 15.00.

Me skal vera på Fjellgardane hos Ingvild Eskeland (adr. Nedre Eskeland 57). Det vert bålpanne og grilling av pølser og pinnebrød. Varm kanel/apesindrikk. Ta på gode og varme klær! Om du vil vere med så meld deg på via sms til Ingvild på tlf: 402 45 042 innan fredag 28. november kl. 12.00.

onsdag 23. april 2014

Klatring avlyst + ekstraklatring

Klatreveggen er stengt onsdag 30. april grunna handballkamp. Det er synd at det i hovudsak er onsdagsklatringa som vert avlyst, då dette er fast klatredag for mange av våre yngste klatrarar. Me vil difor opna klatreveggen for desse måndag 28. april kl 17-19.

søndag 6. april 2014

Handballherrane til Stord er vidare i sluttspelet og heimekampane deira kolliderer dessverre med klatringa vår.
Klatreveggen er difor stengt onsdag 9. april og onsdag 30. april.

Veggen er også stengt i påskeveka.

fredag 14. mars 2014

Klatring utgår pga. handballkamp

Klatreveggen vil vera stengt onsdag 19. mars og onsdag 26. mars grunna handballkamp.

tirsdag 25. februar 2014

Årsmøte

Det vert årsmøte torsdag 13. mars kl 19.00 i Idrettstova på Vikahaugane.

Helsing Styret

onsdag 5. februar 2014


Det er tid for nytt sikringskurs. Kurset går over to kveldar, måndag 10.2 og måndag 17.2 klokka 17-19. Prisen for kurset er 300 kr. Kontakt Marita Huse for påmelding/info, tlf 454 26 714.