Ei ny, nettbasert utgåve av klatreføraren er no lagt ut på nettsidene. Du finn han her, eller under 'Klatreruter' i menyen over.
Føraren er dessverre framleis den samme som den som og ligg ute som pdf-utgåve, men inneheld litt informasjon om klatrefeltet på Litlabø (informasjon frå den originale føraren, men som manglar i pdf-utgåva).
Etterkvart kan me tenkje oss at skissene vert erstatta av detaljerte foto, samt at tekstane vert oppdaterte, med tanke på at det er nærare 25 år sidan føraren vart skriven. Det er og nye ruter som me ønskjer å få med, som om de har informasjon som kan nyttast så send oss gjerne ein e-post.
lørdag 13. juni 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)