søndag 24. august 2008

Vaktliste for klatreveggen

Vakliste for hausten 2008 er no lasta opp på denne nettsida. Du finn ho her, eller ved å gå til 'filer' blant vala på toppen av denne sida.

onsdag 20. august 2008

Sesongopning av klatreveggen

Etter ein flott sommarferie vert det sesongopning i klatreveggen på mandag 18. august.

Opningstidene vert dei samme som tidlegare:

Mandag: 1900 - 2100
Onsdag: 1800 - 2000
Torsdag: 1900 - 2100

Både nye og gamle medlem er sjølsagt velkomne og me håpar på ein sesong med mykje aktivitet!

Vakt- og aktivitetsliste for hausten vil bli lagt ut på nettsida etterkvart som det vert klart.

Ungdomsklatringa startar opp att

Ungdomsklatringa har vore veldig vellukka og me er mange som har hatt det kjekt saman i klatreveggen. Vårsesongen vart avslutta med flott ettermiddag i klatrefeltet i Utslettefjellet. Tysdag 26. august inviterar Stokk til ein ny sesong, noko som skjer i klatreveggen på Vikahaugane kl 1730.

Nye og gamle medlem er velkomne!

Ny nettside

Stord Tinde- og Klatreklubb har fått ny nettside. Ikkje alt er på plass enda, men i løpet av den neste tida kjem sida til å bli utvikla vidare med nye funksjonar.

Det manglar framleis ein del innhald som fantes på dei gamle nettsidene våre, men me jobbar med at dette kjem på plass så snart råd er. I tillegg ønskjer me å leggje til nytt innhald, både bilete og tekstar, noko me håpar andre kan hjelpe oss med.

Har du noko du kan bidra med kan du sende ein e-post til karlolav@karlolav.no.